Siste poster

Følg Årseth bedehus på Facebook

Årset bedehus si facebook side blir regelmessig oppdatert med informasjon om det som skjer på bedehuset.

“Åpne Dører”-kveld med besøk fra Colombia

Onsdag, 13.september kl.19:30 har du ei unik muligheit til å møte forfulgte søsken ansikt til ansikt. Vi får besøk av “Jasar og Elvira” frå Colombia. Eg håper du grip sjansen! Vil du vite litt meir om “Jasar”, så les gjerne nedanfor. Han har ei kriminell fortid, fram til han møtte Jesus og vart frelst. Med omsyn til sikkerheit kan vi ikkje sette historia hans på trykk. Men møter du opp på bedehuset denne kvelden, får du høyre vitnesbyrdet hans! Du er varmt velkommen!

Jasar og Elvira har med seg Brikt Goa som tolk. Brikt er frå Nærbø, og sit i styret for Åpne Dører. Rune Sæther deltek med song, og det blir kaffekos og bokbord i etterkant av møtet.

Jasar er i dag kyrkjeleiar og evangelist i Colombia. Han har vore busett i dei delane av Colombia der dei to store geriljagruppene FARC og ELN kontrollerer livet til mange menneske. Han kan vitne om korleis Gud verner om sine, midt i forfølgelse og liding. Pastorane i desse områda lever under eit stort og konstant press frå geriljagruppene, og mange av dei lever med truslar om vold, kidnapping og drap. Fleire kyrkjer er blitt stengt, og talarstolar, biblar og lydanlegg er beslaglagt. Geriljagruppene har lagt ned forbud mot ei kvar form for evangelisering i sine område.
Utanlandske misjonærer kjem ikkje inn i desse delane av Colombia, og ingen utan tilhøyrigheit til området får reise inn i desse delene av landet utan tillatelse frå geriljaen. Med fare for sitt eige liv driv Jasar, av Guds nåde, eit vellukka arbeid i desse områda av Colombia. Han forkynner Guds Ord og distribuerer biblar og annan kristen litteratur.
Jasar vil dele vitnesbyrdet sitt med oss, og fortelje frå dei daglege utfordringane våre colombianske trus-søsken lever med, i et land prega av geriljaverksemd og narkotikahandel.

Søndag 7. mai får vi besøk av Edy Michaescu

Vi er så heldige å få besøk av  Edy Michaescu Satinger søndag 7. mai kl 17:00.

Edy er Messiansk jøde fødd og oppvaksen i Romania. Hans musikalske karriere begynte med fiolin som tiåring, og deretter lærte han seg bratsj, gitar, piano osv. Han spiller hele 7 instrument. Kanskje mest kjent er Edy som panfløytespiller. Han er uteksaminert frå musikk-konservatoriet i Bucurest i Romania som musikklærer og kordirrigent.
I 1984 flytta Edy til Israel til TelAviv. Han har fleire gonger opptrådt i Israelsk TV saman med Israels filhamoniske orkester. Edy er en fantastisk formidlar av både jødisk, klassisk og kristen musikk.
Sidan 1998 har han reist rundt i mange land, og delteke med musikk og forkynning på møter, og konsetar. Han ønsker å gi evangeliet videre i ord og tonar. Edy og kona Costina fikk kall fra Gud om å reise tilbake til Romania. Der dei i dag driv et viktig arbeid mellom barn og ungdom. Dei har spasielt fokos på sigøynar familiar/romfolket. Edy har i tilegg til pastorarbeidet i menighet, også besøktjeneste på barnehjem, sykehus og i fengsel.

Du er velkommen til å ta søndgskaffien på bedehuset og samtidig få oppleve ein flott musiker og formidlar av evangeliet.

Strikkecafé 24. april

Klikk på bilde for større.

Konsert med LaKris 22. april

Konsert med LaKris og Sing It
laurdag, 22.april kl. 17:00

Gratis inngang; kollekt

DU ER VELKOMEN!